EG SYNGER JULEKVAD - Asne Valland Nordli

Asne Valland Nordli

专辑:《Julekvad》

更新时间:2025-03-09 14:41:10

文件格式:mp3

网盘下载

EG SYNGER JULEKVAD - Asne Valland Nordli 歌词

作词 : bernt støylen, 1905

eg synger julekvad,

eg er så glad, så glad!

eg ser min jesus kvila

som barn i ringe kår,

på moderfanget smila

som soli varm og klår.

han er frelsar min,

han er frelsar min!

kom, vesle barn, til meg,

eg lengtar etter deg!

kom, du som sorg kan linna,

stig inn om her er smått,

lat meg deg sjå og finna,

då fær eg det så godt!

drag meg etter deg,

drag meg etter deg!

kor er guds kjærleik stor,

guds son er no vår bror!

for me i synd var selde

og låg i trælestand,

han knuste dødens velde

og opna livsens land.

eia, var me der,

eia, var me der!

kvar er vel gleda slik

som høgt i himmerik,

der englesongen tonar

til harper utan tal

frå alle millionar

i himlens kongesal!

eia, var me der,

eia, var me der!